Så me har blitt ufrivillige samlarar av ubrukelige møblar. Me har plassert dei i eit hjørne. Da ser ut som ein møbelkirkegård. Eller ein massegrav. Det er uansett ikkje særlig feng shui. Søndre Skogveien 32 er egentlig ein leilighet i forfall. Skapdørene går av hengslene. Sofaen fekk ubotelige skjellettskadar i ein strabasiøs kamp mot ein ekstatisk hoppande full person. Lenestolen hadde også eit dramatisk endelikt då hoftene og overkroppen plutselig skilde lag, dog etter langvarig sjukdom. Dei to andre stolane begravde me levande. Dei var berre for stygge.
Da må bli ein slutt på ditta, gangen vår er ikkje stor nok til å fungera som siste kvilestad for eit døande interiør. Noken fiks. Da blir ikkje meg, eg har ein seng å ta vare på, og han føler seg ikkje bra.
onsdag 12. september 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Ja, nåkke må bli gjort, og da snarast. Men me trenge bil. Ellers gratulere eg meg sjøl me den fyste kommentaren på den nye husbloggen. Gratulerer Magne. Takk.
Kan ikkje nåkken skriva et innlegg??? Eg vil ikkje vera nr 2!
Legg inn en kommentar